Feilekveld på Fjøra Pub – suksess eller fiasko?

For første gong arrangerte HVL Skape og Sogn Næring «Feilekveld» i samarbeid med den nyleg gjenopna Fjøra Pub i Sogndal. Dei to lokale gründerane Erlend Fardal Lunde og Håvard Ese Eliasen delte feil og erfaringar frå sine personlege gründerreiser. Det store spørsmålet er – var arrangementet ein suksess som bør gjentakast, eller ein “dum feil”?

Då HVL Skape og Sogn Næring sende e-post til Håvard Ese Eliasen og spurde om han hadde lyst til å stille på dette arrangementet, svara han: Dette høyrest ut som ein dum idé, så sjølvsagt er eg med!

«Det skjer ingenting om ein berre sit heime og ventar»

Håvard opna scena framfor eit veldig lite, men engasjert og triveleg publikum på rundt ti personar. Han starta showet med å peike på feil som arrangørane hadde gjort: arrangementet hadde opphavleg vorte flytta på grunn av ein lokal fotballkamp, og vart derfor halde på eit tidspunkt då dei fleste studentane i Sogndal allereie hadde reist heim på sommarferie. Dermed hadde ein allereie to forbetringspunkt til neste gong!

Håvard Ese Eliassen

Med sin frekke stil og breie smil tok Håvard oss vidare med på reisa om korleis han starta og dreiv Fres Festival i Fresvik, som vart arrangert for første gong for 20 år sidan. Fire håpefulle amatørmusikarar brukte fritida si på å lage ein musikkfestival som byrja med ein heimelaga scene utan regnbeskytting, dårlege artistar ingen eigentleg visste kven var, billettbod utan lys (på det tidspunktet festivalen blir halde, blir det mørkt rundt klokka 22), og eit publikum som kunne ta med seg så mykje øl dei ville.

I dag huser festivalen namn som Todd Terje og Brenn, scena og det dyre musikkutstyret er sikra mot regn, dei tener pengar på ølsalet, og tilbyr båtskyss til og frå Sogndal. Kort fortalt har festivalen gått frå å vere ein vill, kaotisk idé til å bli ein profesjonell røyndom, fordi dei fire gutane torde å prøve, feile, reise seg igjen og lære av feila sine.

Håvard Ese Eliasen avslutta med eit godt råd:
«Det skjer ingenting om ein berre sit heime og ventar. Men pass på, viss du startar noko, kan det plutseleg vekse seg kjempestort.»

«Du må vere førebudd på å vere heilt åleine når det går gale»

Neste gjest som entra scena, var Erlend Fardal Lunde. Ein person med imponerande utstråling, energi og eit uendeleg tal på idear. Då Erlend starta si gründerreise i Sogndal, hadde han eitt mål: å gjere Sogndal hyggelegare. Han ønskte å skapa liv i Fjøra og gje lokalbefolkninga ein stad å møtast og kose seg. Han gjekk «all in» og sette i gong fleire prosjekt samtidig. Med restauranten Braza og planane om å utvikle kulturtilbod i Sogndal, gjekk det i 200 km/t, heilt til desember 2023, då det krasja og Braza gjekk konkurs.

Erlend er ein «go big or go home»-type, og han satsa alt, heilt til korthuset rasa saman. Etter konkursen vart han sjukemeld. «Eg kan telje på ei hand kven som var der for meg då det verkeleg gjekk gale.»

Folk som hadde investert i prosjektet vart misnøgde og la press på Erlend, sjølv om han var sjuk. Til slutt orka han ikkje gå på butikken, i frykt for blikka frå folk. Difor understrekar han kor viktig det er å bryte stigmaet kring psykisk helse, spesielt i små samfunn. Først då han offentleg fortalde at han var sjukemeld, snudde haldningane, og mange kjende seg igjen i historia hans.

På slutten reflekterte Erlend over kva han ville gjort annleis viss han fekk sjansen til å starte på nytt:

  • Ikkje hatt ein dagtids- eller heiltidsjobb ved sida av

  • Skaffa meir oppstartskapital frå banken

  • Hatt fleire aktive eigarar – med kapital

  • Hatt eksterne medlemmar i styret

  • Brukt hovudet meir enn hjartet

Sjølv om Erlend møtte på nokre utfordringar, har han ikkje gitt opp draumen om å gjere Sogndal hyggelegare. I dag driv han mellom anna FjøraRock, og har i tillegg ei konsulentverksemd der han hjelper til med å arrangere ulike arrangement i Sogndal.

Erlend Fardal Lunde

Å feile og reise seg igjen

Det er takka vere modige og pasjonerte folk som Håvard Ese Eliasen og Erlend Fardal Lunde at hyggelege tilbod i og rundt Sogndal utviklar seg og gir verdi til oss som (enda) ikkje har teke steget som gründerar. Forhåpentlegvis kan vi lære av feila som blei løfta fram på Feilekveld, og støtte kvarandre i å feile, og reise oss att.

HVL Skape og Sogn Næring har trua på at Feilekveld kan bli ein suksess. Med dei erfaringane vi har gjort oss, kjem arrangementet sterkt tilbake neste år. Ein stor takk rettar seg til Håvard Ese Eliasen og Erlend Fardal Lunde for å tørre å satse, og ikkje minst for å stå fram og dele sine personlege feil frå gründerreisa. Takk for at de inspirerer, og for at de tør å feile! I tillegg rettar vi ein stor takk til dagleg leiar av Fjøra Pub, Eirik Ormberg, for å bli med på vår «dumme idé».

Vi gler oss allereie til neste gong!

Skrevet av Emilie Vaad Johansen

Neste
Neste

Herman og Frøya er 2 av 20 HVL-studenter som setter kursen mot CERN i sommer!